Quantcast
Channel: Brabygd.no » Verkstaden
Viewing all articles
Browse latest Browse all 3

Ventar 1000 personar til båtfestival på Ikornnes

$
0
0

Vassendgutane er årets trekkplaster.

- Det er stas at Vassendgutane kjem til Verkstaden Bistro, seier Lidvar Kurseth. Han var tidleg ute og fekk til ein avtale med bandet allereie i januar.

Vassendutane kan juble over gullplate, eit bevis på 20 000 selde eksemplar av den nye plata Hesteslepp.

Med to medlemmar frå Sykkylven, er bandet klare til å entre scena laurdag kveld. Bandet Crashville varmar opp. Tidlegare på dag blir det innmasj med Sykkylven skulekorps og vi får høyre lokale band. Fredag spelar Jarle Flem i puben, før det blir diskotek seinare på kvelden.

Det er niande året på rad at det blir arrangert båtfestival på Ikornnes. I 2004 var The Margarets på besøk. Dei seinare åra har blant anna Hellbillies, Vestlandsfanden, DDE og Jørn Hoel laga liv og røre på bryggekanten.

- Det brukar å kome folk frå heile Sunnmøre. Enkelte år har 80 båtar og 15 bobilar rigga seg til, fortel Lidvar Kurseth, som naturleg nok er spent på veret i helga.

lidvarkurseth_web

Lidvar Kurseth er klar til årets båtfestival, 31. mai-1. juni 2013. (Foto: Hanne Suorza)

På nettsida til Vassendgutane har Frank Willy Utgård og Kim Erik Lillestøl fått kvar sine karakteristikkar:

Frank Willy Utgård:  Frank Willy har foreløpig status som nyegitaristen. Han har spelt i mange rock og bluesband. Alltid blid, og lynkjapp på gitar. Driv eigen nettbutikk for gitardelar i Hundeidvik. Opphavsmann til Fingreklåda. Spring gjerne på fjellet om han har anledning, og er glad i friluftsliv. Det hender og at han vert observert joggande rundt hotella me bur på når me er på tur…

Kim Erik Lillestøl: Kim Erik er den yngste Vassendguten. Han er det nye rytmiske alibiet, og gjer ein god jobb. Etter at han i ung alder fann ut at nesten alle andre i bandet måtte stå heile kvelden, valgte han trommer som instrument. Det han ikkje hadde rekna med, var at det då prompte vart plassert ein mikrofon der, så for å utligne arbeidsmengda, vart han nøydd til å kore og…  I fritida arbeider han i ein musikkbutikk.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

verkstaden-web

Verkstaden Bistro. (Foto: Hanne Suorza)


Viewing all articles
Browse latest Browse all 3